Fotograf Morten Sæle

og pianist Rune Alver:

Harmoniske
kontrastar

- Ei sanseleg oppleving

_MG_3610-Edit-Edit.jpg

Fotograf Morten Sæle stiller ut sine fotografi i Kvamsvågen helga 17. til 19. september, og pianist Rune Alver byr på tonesetting av eit utval bilde med intimkonsert i Kleivdalhuset. Verten Helge Haugland byr på enkel servering etter konserten.

Grunna koronasituasjonen vert utstillinga arrangert som gruppevis vernissage gjennom helga. For siste gruppe fredag og lørdag vert det også utvalde smakebitar komponert og servert av Kokkekameratene. 

_MG_5455-Edit.jpg

Påmelding til Helge Haugland, tlf 957 40 168. Betales med Vipps ved påmelding

 

Det er eit avgrensa tal plassar til kvart arrangement, her gjeld første mann til mølla.

Fredag 17.09:

Kl 18.00-20.00: Vernissage og konsert.

Enkel servering,  bill. kr 300,-

 

Kl 20.00-22.00: Vernissage og konsert.

Utvida servering, bill. kr 500,- 

 

Lørdag 18.09:

Kl 13.00-15.00: Vernissage og konsert.

Enkel servering,  bill. kr 300,-

 

Kl 15.00-17.00: Vernissage og konsert.

Enkel servering,  bill. kr 300,-

 

Kl 19.00-21.30: Vernissage og konsert.

Utvida servering, bill. kr 500,-

 

Søndag 19.09:

Kl 16.00-18.00: Vernissage og konsert.

Enkel servering,  bill. kr 300,-

Alle arrangementa startar i Sjøhuset, og vert avslutta i Kleivdalhuset.

 

Parkering alle dagar ved ungdomshuset i Kvamsvågen

 

Drop-in, kun utstilling: søndag 19.09 kl 11.00 - 15.00,

andre tidspunkt etter avtale. Fri entré

Om fotografen:

Fotograf Morten Sæle er frå Frekhaug i Alver kommune. Han tok svennebrev som portrettfotograf i 1999. Sidan den gongen har fotografiet vore ein del av hans yrkesliv, både som portrettfotograf i Studio Nordhordland; som nyheitsleiar, fotograf og journalist i Avisa Nordhordland; og som sjølvstendig næringsdrivande med eige fotofirma. Han jobbar no med historisk fotografi som fotograf ved Billedsamlingen på Universitetet i Bergen.

Parallelt med dette har han jobba med fotografi som kunstform i over 30 år, men med eit større fokus sidan 2010. Han hadde sin første store separatutstilling i 2015, fotoutstillinga «Diagonal» med foto frå det føregåande tiåret. 

Han har solid bakgrunn i det analoge fotografiet, og har vore med gjennom heile prosessen med overgangen til digital fotografering. Med det tradisjonelle handverket i botn, er hans arbeidsflyt i dag i all hovudsak digital.

 

Sæle ser på seg sjølv som ein visuell historieforteljar, og jobbar og med levande bilde. Hans siste store prosjekt er «Forkynnaren», der han gjennom foto, video, musikk og tekst delar si oppleving av boka «Forkynnaren» av Jan Roar Leikvoll. I 2021 fekk han tildelt Alver kommune sitt kulturstipend for nettopp dette prosjektet, som no vil bli vidareutvikla og deretter vist fram ei rekke gonger gjennom 2021.

001_Portrett Morten Sæle.jpg

Foto: Mathea Sæle

Om pianisten:

Rune Alver har mange års erfaring med å fremføre Edvard Griegs musikk på Troldhaugen. Han har ein omfattende konsertplan som solist og kammermusikar med forestillingar i heile Europa og i Russland, Kina og Sør-Afrika. I 2013 opptrådde han som soloartist i Carnegie Hall i New York City.

 

Rune Alver samarbeider med leiande musikarar, skodespelarar og billedkunstnarar i tradisjonelle og meir eksperimentelle samenhengar. Han har spilt inn ei rekke kritikerroste album.

 

Opplevinga «Harmoniske kontrastar» er eit samarbeid mellom fotografen, pianisten og verten.

Alver, Rune.jpeg

Foto: Morten Sæle

Velkommen til ei sanseleg oppleving i Kleivdalhuset!