Utsmykking av
auditoriet i Dampen
Utsmykkinga i Dampen vart åpna 12. desember 2024, og er levert av fotograf Morten Sæle. Motiva er nøye utvalde for å symbolisera verdiane som aktiviteten i bygget representerer. Bilda er signerte og nummererte, og vert produserte i eit avgrensa antal. Andre størrelsar er tilgjengelege.
Under finn du litt tankar om kvifor nettopp desse motiva er valde ut, og historia bak bildet.
Treng du utsmykking av dine lokale, eller kanskje eit bilde på veggen heime?
– Med historia i ryggen rettar vi blikket framover
01 Holmestova
Karrige kår
Bilda som heng på bakveggen i auditoriet representerer historie og tradisjon i Nordhordland. Dette bildet illustrerer korleis strilane klarte seg som best dei kunne med det dei hadde, med ein humoristisk undertone. Du kan lesa historia bak bildet her: Holmestova
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
02 Ei stille
Transport, matauk og identitet
Robåten var livsviktig for strilane som transportmiddel, fiskereiskap og for frakt av varer til Bergen. Han representerte økonomisk sjølvstende og kulturell identitet, tilpassa kystens harde vêrforhold.
Bildet er frå prosjektet Forkynnaren.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
03 Åretak
Den arbeidsame strilen
Livet til strilen var prega av hardt arbeid både på sjø og land, ofte med fiske og jordbruk som hovudinntekter. Strilane er stolte, nøkterne og solide.
Bildet er frå prosjektet Forkynnaren.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
04 Åredrypp
Ettertanke og inspirasjon
Ein tur på sjøen er ikkje lenger forbunde med slit, men kanskje tid til ettertanke og refleksjon? Dette bilde har inspirert vår lokale artist Barbro Wiig Sulebakk til å skriva låta «Åredrypp» som du kan høyra her (lenke kjem)
Bildet er frå prosjektet Forkynnaren.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
05 Gamle Dampen
Trufast slitar og møteplass
Dei rutegåande dampskipa revolutionerte kystlivet på Vestlandet. Dei bandt saman bygder og byar, og gjorde transport av folk, varer og post raskare og enklare. For strilar og kystfolk var dei både eit symbol på framgang og ein viktig sosial møteplass, og dei vert hugsa med stoltheit og nostalgi. Les meir om DS «Oster» her.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
06 Maskintelegrafen
God, presis kommunikasjon
Maskintelegrafen var ein viktig kommunikasjonsreiskap på dampskipa, brukt til å sende kommandoar mellom styrhuset og maskinrommet. Ved hjelp av ei klokke og ein spak kunne kapteinen instruere maskinistane om å auke eller minke farten, gå i revers eller stoppe motoren.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
07 R-1111
Bussen som fekk eit nytt liv
Bussen vart registrert 23/5 1953 og levert til Bergen Nordhordland Trafikklag. R-1111 vart stasjonert på Fanebust. Her gjekk den i kombinertrute mellom Fanebustsjøen og Bergen.
Ruta vart lokalt kalla «kålrabiruta» fordi den spesielt vart nytta av torghandlarar som skulle til Bergen.
Les meir om bussen her: BNR veteranbussklubb
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
08 Meisterverk
Presisjon og tålmod
Rekkverket er smidd av Johannes H. Fosse, og prydar vegen i byggeprosjektet Langeland Gard på Holsnøy, saman med tradsisjonsrik gråsteinsmuring. Det intrikate nettverket i spindelvevet vitnar og om presisjon og tålmod på sin måte.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
09 Navarsmeden
Handverk og industri
– Å smi navar er enkelt, men ikkje lett, pleidde navarsmeden Johannes H. Fosse å seia. I smia på Fossesjøen arbeidde han utretteleg for å vidareføra kunnskapen om navarsmiing til dei yngre generasjonar, og berre veker før han gjekk bort, 96 år gamal, stod han lange dagar i smia og lærte bort alt han kunne.
| 150x100 cm | kr 12.500,- | Aluminiumsplate |
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
10 Hjarta av (g)ull
Samhald og kjærleik
Landbruk og sauedrift har vore viktige næringar i Nordhordland i fleire generasjonar, djupt forankra i den lokale kulturen og tradisjonane. Hillesvåg Ullvarefabrikk har produsert ullvarer sidan 1898. Den familieeigde fabrikken er ein av få gjenværande ullvarefabrikkar i Noreg.
| 150x100 cm | kr 12.500,- | Aluminiumsplate |
11 Brorød himmel
Utvikling og nye horisontar
Hagelsundbrua vart opna 1. april 1982, og var den første brua i landet med eit dekke av betongelement. Då Nordhordlandsbrua opna i 1994, vart Hagelsundbrua ein del av livsnerven E39 som går forbi like utanfor vindauget i Dampen.
| 77x115 cm | kr 10.000,- | Aluminiumsplate |
12 Tåkeshow
Livsnerven og inngangsporten
Nordhordlandsbrua vart opna i september 1994. Med sine 1610 meter er den Norges nest lengstebru. Skråkabelbrua over skipsleia, som stikk opp av tåkehavet på bildet, vart humoristisk kalla «Josefs harpe», etter vegsjef Josef Martinsen som var ein viktig pådrivar for at brua vart bygd. Flytebrua er 1243 meter, den lengste flytebrua utan sideforankring i verda.
| 150x100 cm | kr 12.500,- | Aluminiumsplate |
13 Sær stær
Flokken og individet
På veg til jobb ein haustdag møtte eg denne flokken med stær som truleg førebudde seg til sin årlege Afrika-tur. Av dei over 200 individa i flokken som sat på leidninga, var det ein som ga blaffen i flokken og valde sin eigen veg. Du kan lesa meir om bildet her: Sær stær
| 150x100 cm | kr 12.500,- | Aluminiumsplate |
14 Nye Dampen
Eit lokomotiv for næringslivet
Møteplassen for næringslivet i Nordhordland. På Dampen i Knarvik, midt mellom Bergen og Mongstad, finn du kontorlokale, møtelokale, auditorium, kantine, garderobar og alt anna du treng for å driva ei moderne verksemd eller halda eit vellukka arrangement.
| 48x120 cm | kr 10.000,- | Aluminiumsplate |
Her kjem det eit sitat frå oppdragsgjevar som seier noko om prosjektet og samarbeidet