

Galleri Dampen er ei salgsutstilling med fotograf Morten Sæle sine kunstfoto. Galleriet finn du i kantina i Hagellia 6, «Dampen», under Hagelsundbrua i Knarvik. Kantina blir driven av Alver Bakeri & Catering.
Her finn du ei oversikt over bilda som til ein kvar tid er utstilt i galleriet, med ei historie bak bildet eller anna informasjon. Trykk på knappen under for å komme til nettbutikken.

01 Etter regn
Bildet er tatt med utsikt sørover frå Gaustadfjellet på Holsnøy. Etter at ein kraftig regn- og haglbyge ønskte meg velkommen på toppen, åpenbarte dette synet seg når vêret letta.
| 100x150 cm | kr 12.500,- | Aluminiumsplate |
02 Gothic Empire
Frå ein spesiell plass i Washington Street i Brooklyn vert Empire State Building perfekt ramma inn i ei gotisk ramme danna av beina til ærverdige Manhattan Brigde. 83 000 tonn stål og over éin million naglar gjekk med til å lage hengebrua som opna i 1909.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |

04 Nyseryllik i vinterdrakt
På Garen i Øvre Eidfjord held denne vesle rakkaren stand gjennom heile vinteren, og sto klar med sine tørka frøbelgar då eg gjekk forbi tidleg i mars. Detalj av nyseryllik.
| 40x27 cm | kr 4.000,- | Aluminiumsplate |


05 United Illuminations
Situasjonen i verda fortel oss at det er viktigare en nokon gong å stå saman. Bildet mitt av FN-bygninga i New York illustrerer nettopp dette at sjølv om vi er særs ulike, er det mogleg å stå saman i harmoni.
Fra prosjektet Harmonic Contrasts som vart vist i Trygve Lie Gallery, New York, i 2024
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
06 Lunar Smile
I det sola gjekk ned i havet, skulle eg akkurat til å rusla inn att då ein syltynn månesigd dukka opp. Usynleg for meg så lenge sola var over horisonten, men heldigvis såg eg den i augnekroken like før eg snudde ryggen til, og dagens flottaste motiv vart fanga.
Frå prosjektet Harmonic Contrasts som vart vist i Trygve Lie Gallery, New York, i 2024
| 90x60 cm | kr 7.500,- | Aluminiumsplate |


07 Noen og en vær
Nokre motiv må det jobbast meir med å fanga enn andre. Desse sauane stod på ein haug, men eg var alt for langt oppe på andre sida av dalen til å få det rette utsnittet. Eg baksa meg nedover og fekk solen bak haugen, men då var dei oppteken med sitt. Eg gjorde meg klar, ropte HEI!, og væren reiste seg opp for å sjå. Klikk.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
08 Kvelden brenn
«Ein våg blir rodd i det aller siste lyset, båten skrir og skjer seg fint fram. Kvelden brenn, og han ror ikkje berre den gamle båten, men skyene og den raude kveldinga.»
Sitat frå boka «Forkynnaren» av Jan Roar Leikvoll.
Bildet er frå prosjektet Forkynnaren.
| 90x60 cm | kr 7.500,- | Aluminiumsplate |


09 Ulrikskranen
Et møte mellom to giganter i Bergen, landemerket Ulriken med sine 643 meter over havet, og kranen på Laksevåg som ruver sine snaue 100 meter over havnebassenget.
Trolig stammer navnet Ulriken fra det norrøne Alrekr, som betyr «den ruvende», «den mektige».
Sett fra denne vinkelen fremstår den 850 tonn tunge kjempen fra 1973 som et godt alternativ til Ulriksbanen om du vil raskt opp på toppen.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
10 Din veg
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Frå «Din veg» av Olav H. Hauge. Bildet er tatt på Lyngøy i Øygarden.
| 75x50 cm | kr 6.500,- | Aluminiumsplate |


11 Still Quarrying On
I skiferbruddet Hedleberget på Voss står denne gamle travaren av ein gravemaskin. Det er ein norskprodusert klassikar, laga av industrieventyret Brødrene Søyland a/s på Bryne. Denne modellen heiter Brøyt X2B, og vart produsert i 1688 eksemplar frå 1969-74.
Maskina er framleis i bruk. Skiferbrotet er no utvikla som ein turistattraksjon, vel verdt eit besøk. I byrjinga av 1900-talet var Hedleberget på Kyte den største arbeidsstaden i Voss herad. Skiferindustrien på Voss sysselsette på det meste 400 mann.
Funfact: Hjula som vart brukt på dei første X-brøytene, var utrangerte flyhjul frå Braathens Safe. Utruleg kva ein kan finna ut om ein berre grev litt :)
| 20x30 cm | kr 2.500,- | Aluminiumsplate |
12 Cranespotting
Eg har alltid vore fascinert av kranar, og leitar dei gjerne opp når eg er på reise. Denne står i Gøteborg, og er ein velkjend del av byens skyline.
Visste du at kran har fått namnet sitt fordi desse kranane liknar på fuglen trane, som heiter crane på engelsk? No veit du det :)
| 20x30 cm | kr 2.500,- | Aluminiumsplate |


13 A Missing Brick in the Wall
På Hernar i Øygarden står ein grunnmur til nedfalls. Hernar har vore ei gammal uthamn langs den sentrale leia vestover – mot Orknøyane, Shetland, Island og Grønland. Her låg langskip og seinare seglskuter og venta på godt vêr før dei sette kursen over havet. Likeeins var dette ofte første stopp når dei kom tilbake. Øya er nemnd både i sagaen om Olav den heilage og i Håkon Håkonssons saga, og Snorre skriv også om Hernar.
| 20x30 cm | kr 2.500,- | Aluminiumsplate |
14 Serene Skyline
Helt vest i havet i Øygarden klorer disse husene seg fast på Lyngøy. Den siste fastboende har takket for seg, men husene blir flittig brukt som fritidsboliger.
| 90x60 cm | kr 7.500,- | Aluminiumsplate |


15 Rural Twilight
På vei hjem en kveld så jeg lovende farger på kveldshimmelen, og tok en omvei i jakt på et spennende motiv. Ved Brakstadvatnet på Holsnøy dukket dette motivet opp, og med issørpe opp til knærne fikk jeg fanget motivet.
| 60x40 cm | kr 5.500,- | Aluminiumsplate |
Innramma Art-prints
Bildeserien under er laga på eit matt Deko print-papir i høg kvalitet, og vert levert ferdig innramma i ein elegant sort treramme med glas.
Bilda er laga i eit avgrensa opplag på 50 stk av kvart motiv, og det er altid eit antal bilde klare for levering i galleriet. Kvart eksemplar er signert og nummerert.

16 Sær stær
På veg til jobb ein haustdag møtte eg denne flokken med stær som truleg førebudde seg til sin årlege Afrika-tur. Av dei over 200 individa i flokken som sat på leidninga, var det ein som ga blaffen i flokken og valde sin eigen veg. Du kan lesa meir om bildet her: Sær stær
| 20x30 cm | kr 1.100,- | Art print med ramme |
17 Harpe diem
Nordhordlandsbrua er ein monumental inngangsport til Nordhordland, med dei velkjende harpestrengane frå brutårnet som sitt fremste kjennemerke.
Brua fekk det velklingande tilnamnet «Josefs harpe» etter dåverande vegsjef Josef Martinsen.
Den er verdas lengste flytebru utan sideforankring, og politisk hadde den god forankring i botn. I Salhusfjorden derimot er ikkje det så lett, då fjorden er opp mot 500 meter djup.
| 20x20 cm | kr 950,- | Art print med ramme |


18 Åredrypp
«Det dryp frå årene kvar gong dei er over vatnet, liknar regn på dei små bølgjene båten lagar, det er all lyd.»
Sitat frå boka «Forkynnaren» av Jan Roar Leikvoll.
Bildet er frå prosjektet Forkynnaren.
| 20x30 cm | kr 1.100,- | Art print med ramme |
19 Morgentåke
På veg til jobb i Avisa Nordhordland ein tidleg morgon låg skodda trolsk og tung over fjord og land. Eg ringte redaktøren og sa eg vart forseinka, men at eg skulle levere ein bildeserie som kompensasjon. Det vart mange fine motiv, dette er frå Brakstad på Holsnøy.
| 20x20 cm | kr 950,- | Art print med ramme |


Samarbeidet med fotograf Morten Sæle om utsmykkinga av kantina i Dampen har vore både inspirerande og verdifullt. Bileta hans løfter rommet og tilfører varme, ro og nærvær. Dei speglar landskap, lys og stemningar som mange kjenner seg igjen i.
Kunstfotografiet blir ein naturleg del av interiøret, og bidreg til å skapa ein lun og innbydande atmosfære for både lunsjgjestar og besøkande.
Vi set stor pris på det gode samarbeidet, og er stolte over å vere vertskap for Galleri Dampen – ei unik salsutstilling midt i kvardagen.
Alver Bakeri & Catering
Tidlegare utstilte bilder
Under finn du bilder som tidlegare har hengt utstilt i Galleri Dampen. Desse bilda er framleis til salgs, berre ta kontakt om du ønsker eit eksemplar.
14 Wavy Horizon
I bilen over Hardangervidda møtte dette synet meg på veg ned mot Sysendalen.
| 90x60 cm | kr 7.500,- | Aluminiumsplate |

