På Hernar i Øygarden står ein grunnmur til nedfalls. Hernar har vore ei gammal uthamn langs den sentrale leia vestover – mot Orknøyane, Shetland, Island og Grønland. Her låg langskip og seinare seglskuter og venta på godt vêr før dei sette kursen over havet. Likeeins var dette ofte første stopp når dei kom tilbake. Øya er nemnd både i sagaen om Olav den heilage og i Håkon Håkonssons saga, og Snorre skriv også om Hernar.
13 A Missing Brick in the Wall
kr 2 500,00Pris
Kunstfoto på aluminiumsplate. Bilda vert produsert på eksklusive Dibond aluminiumsplater med ei haldbar, semimatt overflate som gir eit elegant uttrykk og lang levetid. Bilda vert signert og nummert på baksida for å dokumentere ektheit og avgrensa opplag.
